Kombinerte mutasjonar

Vi har fuglar som er samansett av fleire mutasjonar for å få eit visst utsjåande.

Desse er rainbow og svartaugde (dark eyed clear, eng.,  forkorta DEC).

  • Rainbow er kombinasjonen gul eller gullmaske opalin lysvinge i den blå serien.
  • Svartaugd også kjend som DEC er kombinert av hollandskbroka og danskbroka, eller kombinasjonen dobbeltfaktor spangle og danskbroka

 

 

FBC gråvinge er ein kombinasjon av lysvinge og gråvinge. Pr. i dag er ikkje dette ein godkjend mutasjon hverken av WBO eller i Noreg. Den blir  teken med her då mange forvekslar den med lysvinge.

 

RAINBOW 

Opalin lysvinge i himmelblå, kobolt, mauve, viol og grå, samt gul eller gullmaske.

Fargen i gulmaska vil variere alt etter kva type gulmaske fuglen har. Gulmaske 1, gulmaske 2 og gullmaske.

Markeringar: Der fuglen ellers har kvite område,  i maska, hovud og nakke, gult sett i forhold til gulmaska den har.

Vingar: eit lett slør av gult på ellers kvite område ved den smale kanten av kroppsfargemarkeringane ( opalin)

Slagfjører: grå/kvite (som lysvinge)

Halefjør: nøytrale med innslag av kroppsfarge ( som lysvinge)

 

Notat frå WBO

Notata for dei ovannemde gulmaske og gullmaske-mutasjonane mht. enkeltfaktor og dobbeltfaktor, bør også brukast på den skriftelege standarden for Rainbow-varianten.

 

Klikk på biletet for større bilete

 

SVARTAUGD. (DEC)

Kroppsfarge: rein gul ( grøn serie) eller rein kvit ( blå serie) fri for alle markeringar

Maske: rein gul ( grøn serie) eller rein kvit ( blå serie) fri for alle markeringar

Vingar: rein gul ( grøn serie) eller rein kvit ( blå serie) fri for alle markeringar

Vokshud: rosalilla hos hannar og brun hos hoer

Nebb: oransje farga

Auger: svarte utan synleg irisring

Kinnplettar: kvite

Slagfjør: lysare gul enn fargen på gumpen hos grøn serie, kvit hos blå serie

Hovudhalefjør: lysare gul enn fargen på gumpen hos grøn serie, kvit hos blå serie

Fot/legg: hudfarga ( rosaaktig)

Gulmaske og gullmaske etter standard på den kvite, er godkjend

 

Parringsskjema

  • Ef hb/db x db =  25% Ef hb/db, 25% DEC (med ef hb), 25% Normal/db, 25% db
  • Ef hb/db x Ef hb/db = 25% Ef hb/db, 12.5% Df hb/db, 12.5% ef hb, 12.5% normal/db, 12.5% DEC ( med ef hb), 6.25% DEC ( med df hb), 6.25% Normal, 6.25% Db, 6.25% Df hb
  • Df hb/db x db =50% Ef hb/db, 50% DEC ( med ef hb)
  • DEC (med ef hb) x db = 50% DEC (med ef hb), 50% Db
  • DEC (med ef hb) x Ef hb/db = 25% DEC (med ef hb), 12.5% DEC (med df hb), 25% Ef hb/db, 12.5% Df hb/db, 12.5% Normal/db, 12.5% Db
  • DEC (med ef hb) x DEC (med ef hb) = 50% DEC (med ef hb), 25% DEC (med df hb), 25% Db

 

Klikk på biletet for større bilete

 

 

FBC GRÅVINGE

Ein FBC gråvinge er ein kombinasjon av lysvinge og gråvinge. Den har gråvingen sine grå bølgeteikningar og lysvingen sin fargesterke kropp og har nesten identiske kinnplettar til lysvingen. Kun antydningsvis lysare. Forskjellen på ein lysvinge med mørkvingefaktor og ein FBC gråvinge vil kunne ver svært vanskelig å skille.

Lysvinge og gråvinge, sjå: https://www.norsk-undulatklubb.no/genetikk-mutasjon/recessiv-arv-mutasjonar/

 

Parringsskjema

  • FBC x FBC= 50% FBC, 25 % gråvinge, 25 % lysvinge
  • FBC x lysvinge= 50% FBC, 50% lysvinge
  • FBC x gråvinge= 50% FBC, 50% gråvinge
  • FBC x normal/gråvinge= 25% FBC, 25% gråvinge, 25% normal/ gråvinge, 25% normal/lysvinge
  • FBC x normal/lysvinge= 25% FBC, 25% lysvinge, 25 normal/lysvinge, 25% normal/gråvinge

 

  • Gråvinge x lysvinge = 100% FBC
  • Gråvinge x normal/lysvinge= 50% FBC, 50 % normal/gråvinge
  • Lysvinge x normal/gråvinge= 50% FBC, 50 normal/lysvinge
  • Gråvinge/skyggevinge x lysvinge/skyggevinge= 25% FBC, 25% gråvinge/skyggevinge, 25% lysvinge/skyggevinge, 25% skyggevinge