Vi har gjort litt forandringar i medlemskapet og åpnar for at Juniorar ( alle under 16 år) kan teikne medlemskap i klubben.

Dette medlemskapet gir like rettar som hos seniorar. Dei vil få eigen ringkode og kunne delta på utstilling. Vi har sett kontigenten til kr. 150,- pr år

Det går også an å teikne familiemedlemskap for den som ynskjer dette. Kanskje er det fleire i familien som har denne hobbyen, med både oppdrett og interesse for utstilling?

Om så, er det mulig å dele familiemedlemskapet opp, slik den einskilde kan stille med eigne ringar. Familiemedlemskap er sett til kr 500,- pr år.

Her kan du melde deg/dykk inn.

https://www.norsk-undulatklubb.no/index.php/contact...





Loading Conversation