Dansk Dominant
Dansk Dominant ( DD)
Ufullkommen dominant arv
Dansk Dominant oppstod i Danmark i 1995 og den blei stilt på utstilling i 2005 for første gong og godkjend som eigen mutasjon i 2006
Det oppstod liknande mutasjonar i Australia, Israel og England omtrent samtidig på 90 talet.
Den liknar på spangle, men har kraftigare markerte bølgeteikningar, og er meir som ein mellomting mellom nt og spangle i enkeltfaktor.
I og med den forandrar utsjåande i dobbeltfaktor, er arven ufullkomen dominant.
I dobbeltfaktor har den ingen teikningar, som gir gule eller kvitt eller gult hovud, nakke og vingar, samt halefjør og slagfjører. Vi skal sjå kroppsfargen tydelig. Den skal ver minst 50% i fargestyrke, helst nesten fullfarga.
Kroppsfarge: -full
Maske: -gul eller kvit.
Spottar: - svarte, heile runde, som nt
Kinnplettar: -violett, blågrå hos grå og grågrøne
Vokshud: -blå hos hannar, kvitblå-brunleg hos hoer.
Auger: -svarte med kvit irisring
Bølgeteikningar: -bakhovud og nakke som nt, med tette svarte bølgeteikningar. På vingane åpne teikningar, som gjer fjørene gul eller kvit, der dei har kraftige svarte markerte teikningar nesten ytterst på fjører og slagfjører.
Halefjør: -kvit eller gul med antydning til teikningar ved fjørskaftet.
Dobbletfaktor
Kroppsfarge; -minst halv intensitet av en normalteikna
Vingar og slagfjør: -lys gul hos grøn, kvit hos blå
Halefjør: -lys gul hos grøne, kvite hos blå
Kinnplettar; -kvite
Parringsskjema
Ufullkomen Dominant
EF = enkeltfaktor. DF = dobbeltfaktor
EF DD x Normal = 50% EF DD , 50% Nt
EF DD x EF DD = 50% EF DD, 25% Nt, 25% DF DD
DF DD x Normal = 100% EF DD
DF DD x EF DD = 50% DF DD, 50% EF DD
DF DD x DF DD = 100% DF DD